Generelt om ordninga
Du kan få fri rettshjelp anten som fritt rettsråd (juridisk bistand utanom domstolsbehandling) eller som fri sakførsel (juridisk bistand i saker for domstolane, frå og med stemning).
Dersom du får fri rettshjelp, kan du i nokre tilfelle òg få dekt eigne utgifter, som til dømes utgifter til tolk eller ei medisinsk utgreiing.
Kven kan få fri rettshjelp
Når behovet ditt for juridisk bistand kan dekkjast på annan måte
Viss behovet ditt for juridisk bistand kan dekkjast på annan måte/gjennom andre ordningar, vil du som hovudregel ikkje kunne få fri rettshjelp. Dette gjeld til dømes viss du har ei forsikring som dekkjer utgiftene dine til juridisk bistand, eller du er medlem i ei foreining som dekkjer slike utgifter. Det same gjeld viss det offentlege kan gi deg opplysningar og rettleiing om saka som du søkjer fri rettshjelp til. I slike tilfelle må du nytte deg av desse alternative ordningane.
Inntekts- og formuesgrenser for fri rettshjelp
For å få fri rettshjelp må du i nokre sakstypar ha bruttoinntekt og nettoformue under fastsette grenser:
- Einslege: Maks årsinntekt kr 350 000 og maks nettoformue kr 150 000
- Ektefellar og andre som lever saman: Maks samla årsinntekt kr 540 000 og maks nettoformue kr 150 000
- Det er brutto inntekt på årsbasis som blir lagd til grunn. Inntekt som det ikkje blir betalt skatt av skal ikkje inngå i berekningsgrunnlaget. Informasjon om økonomien din oppgir du i eigenerklæringsskjemaet. Du må dokumentere denne med kopi av skatteoppgjer/skattemelding, lønnsslipp eller utbetalingsbilag frå NAV.
Ved vurdering av større formuesverdiar, til dømes bustad, fritidsbustad, bil og fritidsbåt er det likningsverdien ved siste skattemelding som skal leggjast til grunn. Formue som består av eigen bustad eller driftsmidlar sest det likevel normalt bort frå ved vurderinga av om formuesgrensa er overskriden. .
Sjølv om inntekta og formuen din er over dei fastsette grensene, kan du unntaksvis få fri rettshjelp viss utgiftene til juridisk bistand blir stor i forhold til din økonomiske situasjon.
I kva saker kan du få fri rettshjelp i form av fritt rettsråd
Dette er døme på saker som er av så stor betydning for den det gjeld at du har krav på fritt rettsråd uavhengig av inntekt og formue:
- enkelte utlendingssaker, m.a klagar over avslag på søknad og saker om utvising, bortvising og tilbakekalling av løyve
- enkelte barnevernssaker som ikkje blir oversende til Barneverns- og helsenemnda
- enkelte typar erstatningssaker, m.a. erstatningssak mot gjerningsperson og erstatning for urettmessig straffeforfølging
- klage til statsforvaltaren i saker om undersøking og behandling utan eige samtykke
- saker som er omfatta av det særlege rettshjelpetiltaket i samband med Navs feilaktige praktisering av EUs trygdeforordning
I følgjande saker må du ha inntekt og formue under dei fastsette grensene for å ha krav på fri rettshjelp i form av fritt rettsråd:
- saker om ekteskap, skifte og barn
- personskade
- usakleg oppseiing frå bustad eller arbeid
- valdsoffererstatning
- klagar i trygdesaker
Unntaksvis kan du òg få fritt rettsråd i saker av personleg karakter, som objektivt sett betyr mykje for folk flest. I vurderinga blir det lagt vekt på om saka har likskapstrekk med dei sakstypane som er nemnde i lova, m.a. om saka har liknande konsekvensar for søkjar..
Du finn meir informasjon om kva saker du kan få fritt rettsråd til i rettshjelpelova § 11 og i rettshjelperundskrivet pkt. 6.3 til 6.5.
I kva saker kan du få fri rettshjelp i form av fri sakførsel
Dette er døme på saker der du kan ha krav på fri sakførsel uavhengig av inntekta og formuen din:
- barnevernssaker for Barneverns- og helsenemnda og andre tvangssaker
- enkelte verjemålssaker
I følgjande saker må du ha inntekt og formue under dei fastsette grensene for å ha krav på fri rettshjelp i form av fri saksførsel:
- familiesaker som gjeld skifte, barn og *ekteskapherunder òg enkelte saker om barnebortføring
- personskadesaker
- usakleg oppseiing frå bustad eller arbeidsforhold
Unntaksvis kan du òg få fri sakførsel i andre saker viss saka er av personleg art og interesser av stor betydning står på spel. Det blir særleg lagt vekt på karakteren, kompleksiteten og støtteverdigheita i saka, under dette om ho vil ha same konsekvensar for søkjar, som dei sakene som er nemnde i lova.
Du finn meir informasjon om kva saker du kan få fri sakførsel til i rettshjelpelova §§ 16 og 17 og rettshjelperundskrivet pkt. 7.5.
Eigendel
Dersom du får fri rettshjelp, skal du betale ein eigendel av utgiftene viss du har ei årleg bruttoinntekt på kr 100 000 eller meir. Eigendelen kan ikkje falle bort eller reduserast. Dersom du får fri rettshjelp i ei sak der det ikkje gjeld inntekts- og formuesgrenser, skal du likevel ikkje betale eigendel.
- Viss du får fritt rettsråd er eigendelen éin gong salærsatsen, per 1. januar 2023 kr 1140
- Får du fri sakførsel er eigendelen 25 % av utgiftene, oppover avgrensa til 8 x salærsatsen, det vil seie kr 9120
Eigendelen blir kravd inn av advokaten din/rettshjelper, og han skal i utgangspunktet betalast på forskot.
Sende søknad
Søknad om fritt rettsråd sender du til statsforvaltaren i det fylket du bur eller oppheld deg i over noko tid. I mange prioriterte sakstypar kan advokatar/rettshjelparar sjølv innvilge fritt rettsråd dersom inntekts- og formuesgrensa er oppfylt, og det er då ikkje nødvendig å søkje statsforvaltaren. Søknad om fri rettshjelp til sak i utlandet skal alltid sendast til statsforvaltaren i Oslo og Viken.
I saker for domstolane sender du søknad om fri sakførsel til den domstolen som skal behandle saka di, dersom saksområdet er prioritert etter rettshjelpelova § 16 første eller anna ledd. Søknad om fri sakførsel i uprioriterte saker etter rettshjelpelova § 16 tredje ledd blir sende statsforvaltaren, til liks med søknader om fritt rettsråd.
Søknadsskjema
Egenerklæringsskjema fri rettshjelp, bokmål, PDF-format
Egenerklæringsskjema fri rettshjelp, bokmål, Word-format
Eigenerklæringsskjema fri rettshjelp, nynorsk, PDF-format
Eigenerklæringsskjema fri rettshjelp, nynorsk, Word-format
Egenerklæringsskjema fri rettshjelp, samisk, PDF-format
Egenerklæringsskjema fri rettshjelp, samisk, Word-format
Eigenerklæringsskjema (engelsk)
Klage
Dersom du ønskjer å klage på eit vedtak som er fatta av statsforvaltaren, sender du klaga til den som har avgjort rettshjelpssøknaden din. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunktet avgjerda kom fram til deg. Statsforvaltaren vil sende klaga vidare til Sivilrettsforvaltningen, som er klageinstans over vedtak treft av statsforvaltarane, Barneverns- og helsenemnda for barnevern og sosiale sakene og kontrollkommisjonane for psykisk helsevern.
Dersom rettshjelpssøknaden din er avgjord av ein domstol, skal ein anke over denne behandlast av overordna domstol. Anken sender du til den domstolen som har avgjort rettshjelpssaka di. Ankefristen er 1 månad.
Saksbehandlingstid
Som hovudregel vil klaga di vere avgjord i løpet av 6-8 veker etter at klaga er mottatt i Sivilrettsforvaltninga.
Vedtaka kan lesast på internett
Ein del av Sivilrettsforvaltningens vedtak blir anonymisert og blir oversendt Lovdata for publisering. Ver merksam på at du må ha abonnement hos Lovdata for å få tilgang til nettsida med Sivilrettsforvaltningens vedtak.