Tilskot for spesielle rettshjelpstiltak

Statens sivilrettsforvaltning har ansvaret for forvaltninga av tilskot til spesielle rettshjelptiltak.

Tilskot til spesielle rettshjelptiltak har som føremål å leggje til rette for kostnadseffektive rettshjelptilbod retta mot særleg utsette grupper og personar i ein særleg vanskeleg situasjon, som kan oppfatte at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk bistand er høg.

Tilskotsordninga er ei open og søknadsbasert ordning, vedteke som forskrift i desember 2020.

Fristen for å søke tilskot for 2021 er gått ut
Frist for å søke for 2022 er 1. desember 2021..

Vi gjer spesielt merksam på at også rettshjelptiltak som tidlegare fekk årleg tilskot etter den øyremerkte ordninga, no må søke på lik linje med andre. Det er ikkje tilstrekkeleg å melde inn ressursbehov.