Hopp til hovedinnhold

Tilskot til spesielle rettshjelpstiltak

Organisasjonar som har rettshjelpstilbod for særleg utsette grupper og personar i ein særleg vanskeleg situasjon, kan få tilskot til spesielle rettshjelpstiltak. Ein kan få tilskot til juridisk bistand til personar som er omfatta av målgruppa, og til rettspolitisk arbeid som gjeld målgruppa. Tilskotsordninga er open og søknadsbasert, og det er Sivilrettsforvaltningen som har ansvar for ordninga.

Generelt om ordninga

Tilskot til spesielle rettshjelptiltak har som føremål å leggje til rette for kostnadseffektive rettshjelptilbod retta mot særleg utsette grupper og personar i ein særleg vanskeleg situasjon, som kan oppfatte at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk bistand er høg.

Ein kan få tilskot til juridisk bistand til personar som er omfatta av målgruppa, og til rettspolitisk arbeid som gjelder målgruppa. Tilskotsordninga er ei open og søknadsbasert ordning, vedteke som forskrift i desember 2020.

Søk om tilskot

Frist for å søkje for 2024 var 1. desember 2023.

Spesielle rettshjelpstiltak må ha løyve frå Tilsynsrådet for advokatverksemd for å drive rettshjelpsverksemd. Søkjarar som ikkje har motteke tilskot gjennom ordninga tidlegare, må sende inn eit slikt løyve med søknaden. Dette er ikkje naudsynt når du søkjer om tilskot til advokatvakt.

For informasjon om kva søknaden elles skal innehalde, kan du sjå § 6 i forskrifta om tilskot til spesielle rettshjelpstiltak.

Du kan sende søknad med vedlegg til post@sivilrett.no og merk eposten med "Søknad om tilskot til spesielle rettshjelpstiltak".

Tildelingar

Informasjon om tildelinga for 2024 og tidligare år, finn du på tilskudd.no.

Årsrapportering

Tilskotsmottakarane rapporterer årleg i tråd med krav og fristar i tilskotsbreva frå Sivilrettsforvaltninga.

Fristen for å rapportere er 1. april kvart år.

Forskrift for tilskotsmottakarar

Forskrift om tilskot til spesielle rettshjelpstiltak.