Hopp til hovedinnhold

Det er viktig at personar som har verje kan kjenne seg trygge på at pengane ikkje blir misbrukte. Økonomiforvaltninga i verjemålssystemet har derfor innebygd visse kontrollmekanismar. Pengane blir fordelte på tre kontotypar.

Kontotype 1: Brukskonto

Den som har verje disponerer sjølv kontoen, og verja har ikkje disposisjonsrett til denne kontoen. På grunn av dette har verja heller ikkje rekneskapsplikt for denne kontoen.

Kontotype 2: Verjekonto

Vergekontoen er ein konto som verja disponerer dersom mandatet seier at verja har ansvar for ulike økonomiske forhold. Kontoen skal stå i namnet til personen som har verje, og verja skal disponere kontoen i tråd med ønska til denne personen.

Kontoen skal brukast til løpande utgifter og inntekter for personen som har verje. Dette kan vere inntekter som lønn, trygd, pensjon, leigeinntekter, renteinntekter osb. Utgifter kan vere buutgifter og andre utgifter til livsopphald.

Verja har rekneskapsplikt for verjekontoen. Det vil seie at verja må sende inn årleg verjerekneskap til statsforvaltaren som viser korleis hen har disponert pengane.

På verjekontoen kan det stå maksimalt 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Grunnbeløpet er eit tal som blir oppdatert 1. mai kvart år og blir bestemt av Stortinget etter trygdeoppgjeret.

Kontotype 3: Kapitalkonto

Når den som har verje har pengar utover 2G skal verja normalt saman med personen velje ein eller fleire bankar der det skal opprettast ein kapitalkonto for plassering av pengane.

Verja har ikkje disposisjonsrett på kapitalkontoen, det er det berre statsforvaltaren som har.

Pengane blir plasserte i bestemde bankar som er godkjende for dette. Oversikt over godkjende bankar finn du på Bankportalen.

Statsforvaltaren må godkjenne uttak og eventuelle omplasseringar av pengar frå kapitalkontoen.