Hopp til hovedinnhold

Nokre testamente er berre gyldige når testamentet er stadfesta hos oss i Sivilrettsforvaltninga. Det gjeld i dei tilfella der testamentet er frå nokon som er under 18 år, der testamentet gir ein livsarving arvelaus, eller der testamentet gir arveretten tilbake til ein person som er frådømd arveretten.

Kva testamente krev stadfesting for å vere gyldige?

Følgjande testamente krev stadfesting av Sivilrettsforvaltningen for å vere gyldige:

  • Testamente frå nokon som er under 18 år – arveloven § 41

Den som har fylt 18 år, kan opprette testamente. Eit testamente frå nokon som er under 18 år, er berre gyldig viss det er stadfesta.

  • Arvelausgjering – arveloven § 55

Den som skriv testamente kan bestemme at ein livsarving (arving som er i direkte nedstigande linje frå den som skriv testamentet) ikkje skal få pliktdelsarva. Pliktdelsarv er arv som er reservert for livsarvingane. Dette føreset at livsarvingen har gjort seg skuldig i eit lovbrot som har ei strafferamme på fengsel i eitt år eller meir, mot den som skal etterlate arv eller dennes nære familie. Blir livsarvingen gjord arvelaus etter desse reglane skal arven gå som om livsarvingen var død før arven fall. Arven vil då fordelast etter dei alminnelege reglane for arv etter lova og arv etter testamente. Søknaden om arvelausgjering blir lagd fram for livsarvingen før vi kan avgjere søknaden om arvelausgjering.

I tillegg vurderer vi om ein arvelausgjering verkar sterkt urimeleg overfor livsarvingen.

Eit slikt testamente gjeld berre når det er stadfesta. Viss nokon meiner at vedkomande urettmessig er gjort arvelaus, kan testamentet avvisast. Dette vil normalt skje ved ein skiftetvist eller ved eit alminneleg søksmål viss partane ikkje blir samde på annan måte.

  • Frådømd arverett – arveloven § 72

Den som er frådømt arveretten kan likevel få arveretten tilbake gjennom eit testamente. Eit slikt testamente gjeld berre når det er stadfesta.

Korleis søkjar du om stadfesting av testamente?

Ein søknad om stadfesting av testamente sender du til Sivilrettsforvaltningen. I søknaden må du gjere greie for grunnlaget for ønsket om stadfesting og leggje ved nødvendig dokumentasjon. I tillegg til søknaden må du sende inn testamentet i original.

Korleis klagar du?

Du kan klage avgjerda fra Sivilrettsforvaltninga til Justis- og beredskapsdepartementet. Du sender klaga til Sivilrettsforvaltningen innan tre veker etter at avgjerda vart mottatt.

Saksbehandling

Sivilrettsforvaltninga gjennomfører ei vurdering av om vilkåra for å stadfeste testamentet er til stades. Dersom vilkåra er oppfylte, blir testamentet påført stempel som dokumentasjon for at det er stadfesta og dimed er gyldig. Sivilrettsforvaltninga hjelper ikkje med å opprette sjølve testamentet. Det originale testamentet blir returnert med rekommandert post.

Saksbehandlingstida er normalt 8 veker. I enkelte tilfelle kan saksbehandlingstida likevel vere inntil 6 månader.