Hopp til hovedinnhold

Attestering av tvangskraftige gjeldsbrev til bruk i andre nordiske land

Pengekrav i Noreg kan ein krevje inn i andre nordiske land. For å gjere det, må ein ha eit tvangskraftig (eksigibelt) gjeldsbrev som må attesterast av oss i Sivilrettsforvaltninga. Eit slikt brev kan brukast som eit sjølvstendig grunnlag for å krevje inn pengane som nokon skyldar.

Generelt om tvangskraftige gjeldsbrev

Utestående pengekrav kan under nokre føresetnader krevjast inn i andre nordiske land. Sivilrettsforvaltninga kan attestere gjeldsbrev til dette formålet.

Uteståande pengekrav i Noreg kan krevjast inn i eit anna nordisk land. For at slik innkrevjing kan skje, må det liggje føre eit såkalla eksigibelt gjeldsbrev som må attesterast av Sivilrettsforvaltninga. At eit gjeldsbrev er eksigibelt betyr at det kan brukast som eit sjølvstendig grunnlag for å krevje inn pengane som nokon skylder.

Krav til tvangskraftig gjeldsbrev

Krava er:

  • Gjeldsbrevet må vere skriftleg.
  • Gjeldsbrevet må vere signert av den som skylder pengar og normalt av to vitnar.
  • Det kan ikkje vere vilkår knytt til betalinga (til dømes at varer skal bli leverte eller ei teneste utført før kravet er gyldig).
  • Skyldnaren må ha signert på at den som har krav på pengane har rett til å be namsmannen krevje desse inn utan å måtte gå til søksmål og få dom i saka.
  • Gjeldsbrevet må gjelde ein bestemd pengesum, men kan òg innehalde avtale om nedbetaling og fastsett forseinkingsrente

I tillegg til desse krava, som følgjer av tvangsfullbyrdingslova, stiller lovene i dei andre nordiske landa krav om at

  • den som skylder pengar var busette i Noreg på tidspunktet gjeldsbrevet vart signert
  • gjeldsbrevet er signert i Noreg

Dersom den som har eit pengekrav og eit tvangskraftig gjeldsbrev i Noreg ønskjer å krevje inn pengane i eit anna nordisk land, treng ein ein attest om at gjeldsbrevet oppfyller vilkåra etter norsk rett[3]. Det er Sivilrettsforvaltningen som attesterer tvangskraftige gjeldsbrev for dette formålet.

Send førespurnad om attestering av tvangskraftig gjeldsbrev

Statens sivilrettsforvaltning
Postboks 2105 Vika
0125 OSLO

Ved førespurnad om attestering av tvangskraftig gjeldsbrev, må det i oversendinga opplysast om kva for eit nordisk land gjelda skal krevjast inn i. Det originale gjeldsbrevet blir sendt attestert i retur til innsendar med rekommandert post. Det er ikkje nødvendig å vedleggje svarkonvolutt. Sivilrettsforvaltninga oppbevarer ein elektronisk kopi av gjeldsbrevet i saksbehandlingssystemet vårt.