Normalt behandlar vi saker knytt til attestering av eksigible gjeldsbrev innan:
- Ca 1-2 månader etter at vi fekk søknaden, men det kan også ta lengre tid.
Som regel er det vanskeleg å seie akkurat når saka di vil behandlast. Du vil få svar frå oss når saka di er ferdig behandla.
Gjennomsnittleg saksbehandlingstid på søknader om erstatning etter straffeforfølging er for tida:
- Cirka 10 månader frå vi fekk søknaden. Saksbehandlingstida kan også bli lengre enn dette, og i nokre saker kan ventetida bli vesentleg lengre. Nokre saker blir behandla raskt.
Ventetida avhenger av talet på saker vi får inn og omfanget og kompleksiteten i den aktuelle saka. For tida får vi inn mange saker om erstatning, slik at nyare saker må vente. Om vi ikkje kan behandle saka di raskt, vil du få eit førebels svar der du får vite meir om status og forventa saksbehandlingstid. Du vil ikkje få fleire førebelse brev sjølv om saksbehandlinga skulle ta lengre tid enn det som opphavleg vart forventa. Som regel er det vanskeleg å seie akkurat når saka di vil vere ferdig behandla. Du vil få svar frå oss når saka di er ferdig behandla.
Normalt behandlar vi saker knytt til garantiordninga for bubehandling ved mistanke om økonomisk kriminalitet innan:
- Ca 1-2 månader etter at vi fekk søknaden, men det kan også ta lengre tid.
Som regel er det vanskeleg å seie akkurat når saka di vil behandlast. Du vil få svar frå oss når saka di er ferdig behandla.
Gjennomsnittlig saksbehandlingstid for søknad om rettferdsvederlag er for tida:
- 2 år for dei fleste saker. Nokre saker kan ta lengre tid enn dette.
Grunnen til dette er mellom anna at det kan ta lang tid å innhente dokumentasjon frå ulike arkiv, og at det er mange saker under behandling. Etter at vi har fått søknaden din, vil vi sende deg eit mellombels svarbrev. Der vil det også stå meir om kor lang tid vi forventar at akkurat di sak vil ta. Som regel er det vanskeleg å seie akkurat når saka di vil vere ferdig behandla. Du kan gjerne også lese meir om ordninga for rettferdsvederlag. Du vil få svar frå oss når saka di er ferdig behandla.
Gjennomsnittlig saksbehandlingstid på klagesaker som gjeld rettshjelp er for tida:
- 6-8 veker frå klagesaka er motteken hos oss. Tida vil variere etter kva søknaden gjeld. Dei fleste sakene blir behandla innan 6 veker.
I nokre tilfelle kan saksbehandlinga ta lengre tid enn dette. Du kan gjerne lese meir om ordninga for fri rettshjelp. Du vil få svar frå oss når saka di er ferdig behandla.
Gjennomsnittleg saksbehandlingstid på saker knytt til stadfesting av testamente er for tida:
- Ca 3 månader frå saka har komme til oss i Sivilrettsforvaltningen.
Som regel er det vanskeleg å seie akkurat når saka di vil behandlast. Du vil få svar frå oss når saka di er ferdig behandla.
Gjennomsnittlig saksbehandlingstid på saker knytt til tomtefeste er for tida:
- Ca 4-8 veker etter at Sivilrettsforvaltningen får klaga frå statsforvaltaren.
I nokre tilfelle kan ventetida bli noko lengre. Som regel er det vanskeleg å seie akkurat når saka di vil behandlast. Du vil få svar frå oss når saka di er ferdig behandla.
Om du søkte om erstatning etter 1. januar 2023, er gjennomsnittleg saksbehandlingstid på klagesaker:
- Cirka 1 månad frå klaga har komme til oss frå Kontoret for valdsoffererstatning.
- Cirka 8 månader frå klaga har komme til oss frå Kontoret for valdsoffererstatning.
På grunn av stor arbeidsmengd kan saksbehandlingstida nokre gonger også bli lengre enn dette. Som regel er det vanskeleg å seie akkurat når saka di vil vere ferdig behandla.
Grunnen til at det tek lengre tid å behandle saker som kom inn før 1. januar 2023, er at det denne datoen kom ny valdserstatningslov, og at vi skal behandle eldre saker etter det gamle regelverket.
Når klaga blir send frå Kontoret for valdsoffererstatning til Sivilrettsforvaltningen, vil du få eit brev som fortel om status og forventa saksbehandlingstid. Du vil få svar frå oss når saka di er ferdig behandla.
Gjennomsnittlig saksbehandlingstid for klagesaker som gjeld verjemål er for tida:
- Cirka 4 månader frå vi får klaga frå statsforvaltaren. Nokre saker går raskare og nokon kan ta lengre tid enn dette.
Vi vil sende deg eit førebels svar når vi har fått klagesaka frå statsforvaltaren. Som regel er det vanskeleg å seie akkurat når saka di vil vere ferdig behandla. Du vil også få eit nytt brev frå oss dersom det tek lengre tid å behandle saka enn vi opplyste i det førebelse svaret. Du vil få svar frå oss når saka di er ferdig behandla.