Hopp til hovedinnhold

Tomtefeste er eit leigeforhold mellom ein grunneigar og ein som har hus eller fritidshus på tomta. Statsforvaltaren behandlar nokre tomtetvistar, og Sivilrettsforvaltningen behandlar anker i desse sakene. Dette gjeld tvistar knytt til forlenging av tomteleige og innløysing / oppkjøp av tomta.

Generelt om tomtefeste

Den som leiger tomta kan på visse vilkår krevje å forlengje leigeforholdet, eller krevje å få innløyst tomta, det vil seie kjøpe tomta av grunneigar

Det gjeld bestemde fristar for forlenging og innløysing av festetomter. Vidare kan det avgjerast kva som skal følgje med ved innløysing av eit punktfeste (festeavtale der arealet ikkje er målt opp, men angitt som eit punkt i kartet på bygslingars eigedom) og i område der det er festet bort tomter til fritidshus etter ein samla plan.

Kva kan du søkje statsforvaltaren om i desse sakene?

Oversitjing av fristen for å krevje innløysing - Tomtefesteloven § 36 andre ledd

Viss du har oversete fristen som gjeld for å krevje innløysing eller forlenging av festeforholdet ditt, kan du søkje statsforvaltaren om oppreising for fristoversitjing viss han er unnskyldeleg. Dette betyr at kravet om innløysing eller forlenging likevel kan bli tatt til følgje sjølv om fristen er oversete.

Innløysingsvilkår -Tomtefesteloven § 37 tredje ledd

Du kan òg søkje statsforvaltaren om å få avgjort kva som skal følgje med ved innløysing av eit punktfeste (festeavtale der arealet ikkje er målt opp, men angitt som eit punkt i kartet på bygslingars eigedom) og i område der det er festet bort tomter til fritidshus etter ein samla plan.

Slike søknader blir sende statsforvaltaren i fylket der festetomta er.

Klage på ei avgjerd frå statsforvaltaren

Sivilrettsforvaltninga er klageinstans over vedtak som er treft av statsforvaltarane. Klaga sender du til den statsforvaltaren som avgjorde søknaden din. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunktet avgjerda kom fram til deg.

Saksbehandlingstid

Som hovudregel vil klaga di vere avgjord i løpet av 4-8 veker etter at Sivilrettforvaltninga har fått klaga, og eventuell tilleggsdokumentasjon er innhenta.