Hopp til hovedinnhold

Den som gir ein arv eller gåve kan gjennom eit gåvebrev eller testamente bestemme at midlane skal forvaltast på ein annan måte enn etter reglane i verjemålslova.

Den som gir ein arv eller gåve kan gjennom eit gåvebrev eller testamente bestemme at midlane skal forvaltast på ein annan måte enn etter reglane i verjemålslova. 

Mellom anna kan det angivast at verdiar som vanlegvis skulle vore forvalta av statsforvaltaren skal forvaltast av andre og på annan måte enn det som følgjer av lova. For gåver må dette vere skrive ned skriftleg, seinast når gåva blir gitt. Formkrava for testamente gjeld for føresegner om alternativ forvaltning av arv.