Hopp til hovedinnhold

Dersom nokon på grunn av demens eller annan skade eller sjukdom ikkje kan ta vare på økonomien sin, kan nærståande til denne familiemedlemmen gjere vanlege daglegdagse økonomiske gjeremål på vegner av han eller henne. Dette blir kalla legalfullmakt.

Handlingar som kan gjerast innanfor ordninga er særleg betaling av rekningar, å kjøpe erstatning for eigedelar som blir øydelagde eller utbrukt, betaling av skattar, å gi vanlege gåver av mindre storleik ved bursdagar, jul og liknande og dekning av vanleg forbruk. Viss det er behov for å gjere større disposisjonar må det vanlegvis opprettast verjemål. Det same gjeld viss familiemedlemmen treng hjelp til ting som ikkje handlar om økonomi.

Den nærståande treng inga fullmakt frå familiemedlemmen for å handle for personen. Representasjonsretten gjeld i prioritert rekkjefølgje ektefelle eller sambuar, deretter barna, barnebarna og til slutt foreldre. Søsken blir ikkje rekna som nærståande etter føresegna om legalfullmakt.