Kva er ei framtidsfullmakt?
Vergemålsloven definerer framtidsfullmakt slik:
«En fremtidsfullmakt er en fullmakt til én eller flere personer om å representere fullmaktsgiveren etter at fullmaktsgiveren på grunn av sinnslidelse, herunder demens, eller alvorlig svekket helbred ikke lenger er i stand til å ivareta sine interesser innen de områdene som omfattes av fullmakten.»
Viss du vel å opprette ei framtidsfullmakt, er det du som er «fullmaktsgivar». Personen du vel til å vareta interessene dine, blir omtalt som «fullmektig» eller «framtidsfullmektig». Ordninga er i utgangspunktet gratis og du kan sjølv skrive framtidsfullmakta. Dersom du vel å få hjelp av ein advokat, må du betale advokaten for arbeidet.
Framtidsfullmakt eit privatrettsleg alternativ til vanleg verjemål. Dersom du planlegg å skrive ei framtidsfullmakt, tilrår vi at du tar deg tid til å lese gjennom alt på denne sida før du byrjar. Du kan navigere i menyen til venstre.
Kva betydning har det at du opprettar ei framtidsfullmakt?
Ei framtidsfullmakt kan heilt eller delvis erstatte verjemål. Ei framtidsfullmakt gir deg større grad av sjølvråderett òg etter at du ikkje lenger er i stand til å ta stilling til spørsmål på eigne vegner. Dersom framtidsfullmakta dekkjer behova dine, blir det ikkje nødvendig å utnemne ei verje sjølv om du ein gong i framtida skulle bli så sjuk at du ikkje lenger er i stand til å vareta eigne interesser.
Kven kan opprette ei framtidsfullmakt?
Du må ha fylt 18 år og ha evne til å forstå betydninga av fullmakta. Det betyr at du må skrive fullmakta medan du enno har full forståing for innhaldet i fullmakta du gir til ein annan person. Så lenge du har denne forståinga kan du òg trekkje tilbake ei oppretta framtidsfullmakt, eller velje å skrive ei ny framtidsfullmakt.
Kven kan vere fullmektig?
Ein framtidsfullmektig må ha fylt 18 år på tidspunktet framtidsfullmakta skal nyttast, og fullmektigen kan ikkje sjølv ha verje.
Fullmektigen må vere éin eller fleire fysiske personar. Du kan ikkje peike til dømes ut eit advokatfirma eller eit rekneskapsbyrå som fullmektig, men det er likevel mogleg å velje ein namngitt advokat eller rekneskapsførar, fordi dei er fysiske personar. Andre døme på moglege fullmektigar kan vere ektefelle, sambuar, barn, søsken, barnebarn, venn eller ein annan person du føretrekkjer. Som fullmaktsgivar står du fritt til å velje kven som eventuelt skal ta vare på interessene dine, men det er viktig å velje ein person du har særleg tillit til. Det er lurt å spørje han eller dei som blir utpeika som fullmektig, om dei er villig til dette.
Livssituasjonen til fullmektigen kan endre seg frå framtidsfullmakta blir oppretta og fram til ho seinare skal brukast. Det kan difor vere formålstenleg å peike ut ein fullmektig nummer to, som kan tre inn dersom den føretrekte fullmektigen blir forhindra.
Etter at fullmakta har tredd i kraft, kan du som regel ikkje lenger trekkje tilbake framtidsfullmakta. Unntak frå dette kan vere dersom du i ein periode med alvorleg fysisk helsesvikt ikkje sjølv har klart å vareta dine interesser, men at din helsemessige situasjon seinare er så forbetra at du ikkje lenger har behov for å ha ein fullmektig til å gjere dette.
Når du skal lage ei framtidsfullmakt
Innhald og utforming
Absolutte krav til ei framtidsfullmakt
Framtidsfullmakta må vere skriftleg. Det må gå klart fram at fullmakta skal gjelde etter at du har vorte så fysisk og/eller mentalt svekt at du ikkje lenger sjølv greier å vareta interessene dine innan dei områda fullmakta regulerer.
Framtidsfullmakta skal underteiknast av to vitne som du (fullmaktsgivaren) har godtatt. Følgjande krav blir stilt til vitna:
- Vitna må ha fylt 18 år.
- Vitna må forstå betydninga av å underteikne.
- Begge vitna må vere til stades og underteikne samtidig.
- Fullmektigen sjølv, ektefell til fullmektigen, sambuar, foreldre, barn og barnebarn kan ikkje underteikne som vitne.
Vi tilrår dessutan at du unngår å velje vitne som kan ha ei eigeninteresse i at du opprettar framtidsfullmakt. Eit typisk døme er viss framtidsfullmakta seier at eit eller begge vitna skal få gåver/arveforskot etter at framtidsfullmakta har tredd i kraft. Barna dine eller søsken av fullmektigen er ofte eit uheldig val når du skal finne vitne.
Det er ikkje nok at vitna underteiknar dokumentet. Det blir òg stilt krav om at du som fullmaktsgivar underteiknar fullmakta – alternativt vedkjenner deg underskrifta di – medan vitna er til stades. Underskrifta til vitna skal påførast medan du sjølv er til stades, og det skal vere ønsket ditt at fullmakta blir underskriven. Vitne skal ikkje underteikne på bakgrunn av at du på eit tidlegare tidspunkt har gitt uttrykk for at du ønskjer å opprette ei framtidsfullmakt.
Framtidfullmakta bør dessutan innehalde:
- Dato for når fullmakta vart oppretta. Datoen på framtidsfullmakta kan vere avgjerande dersom det oppstår tvil om at du var i stand til å forstå kor viktig fullmakta er på skipingstidspunktet.
- Fødselsdatoen og adressa til vitna/kontaktinformasjon. Relasjonen til vitna til deg bør òg kome fram, då det vil bidra til å avklare om vitna er habile eller inhabile med tanke på innhaldet i framtidsfullmakta. Døme på relasjon kan vere nabo, kollega, venn, fastlege osb. Vitner blir ikkje alltid kontakta, men det kan vere ønskjeleg å ha kontaktinformasjon dersom spørsmål frå det stille ved gyldigheita til fullmakta.
- Det bør kome fram at vitna, ved å påteikne framtidsfullmakta, stadfestar at du har oppretta framtidsfullmakta av eigen fri vilje og at du, som fullmaktsgivar, forstod innhaldet og betydninga av framtidsfullmakta då du underteikna ho.
- Dersom det er fleire fullmektigar, bør omfanget av kva kvar enkelt fullmektig har fullmakt til kome klart fram av fullmakta. Dersom du til dømes ønskjer at ein av fullmektigane skal gjennomføre daglegdagse disposisjonar som typisk betaling av utgifter, men at viktigare avgjerder som til dømes sal av eigedom skal takast av fullmektigane i fellesskap, bør dette kome tydeleg fram av fullmakta.
Bestem kva fullmakta skal omfatte
Det er du sjølv som bestemmer kva framtidsfullmakta skal regulere. Fullmakta kan omfatte både økonomiske og personlege forhold, eller ho kan avgrensast til nærmare angitte forhold, slik som til dømes sal av bustad og betaling av rekningar. Ei framtidsfullmakt gir gode moglegheiter for å skreddarsy gode løysingar. For å unngå tolkingstvil, er det viktig å angi så presist som mogleg kva disposisjonar fullmektigen skal ha rett til å gjennomføre. Eit viktig råd er å skrive framtidsfullmakt medan du framleis er frisk nok til å tenkje gjennom korleis du ønskjer å ha det. Vi avrår at du skriv framtidsfullmakt utelukkande av omsyn til pårørande, eller at du skriv framtidsfullmakt etter påtrykk frå pårørande eller andre.
Økonomiske forhold kan til dømes vere å betale rekningar, handtere løpande inntekter og utgifter, handtere ulike gjeldsforhold, kjøpe og selje verdipapir, opprette eller avslutte bankkontoar, drift eller leige ut av fast eigedom eller drift av næringsverksemd.
Personlege forhold omfattar i utgangspunktet alle former for representasjon og varetaking av rettar utover det reint økonomiske. Du kan til dømes velje kven som skal representere deg overfor Nav, kommune og sjukeheimar. Då vil fullmektigen din kunne søkje om tenester og ytingar frå det offentlege og klage på vedtak. Personlege forhold kan til dømes vere at ein vil bu lengst mogleg heime, at ein vil ha med bestemde eigedelar til sjukeheimen eller at det skal brukast pengar på sydenturar eller kulturelle arrangement som ein pleier å ha glede av. Fullmakt til å rydde opp i digitale tilgangar vil òg vere eit personleg forhold.
Nokon ønskjer òg å bestemme kven som skal reknast som nærmaste pårørande. Viss du ønskjer å peike ut kven som skal vere din nærmaste pårørande, må det kome tydeleg fram i fullmakta. Den du peikar ut vil då få rettar som ein nærståande har etter helselovgivinga. Du kan ikkje gi fullmektigen rettar som vedkomande ikkje ville hatt som nærståande..
Du kan opprette ei framtidsfullmakt på eigenhand. Dersom du ønskjer hjelp og rettleiing for å sikre at framtidsfullmakta i størst mogleg grad skal dekkje det framtidige hjelpebehovet ditt, tilrår vi at du tar kontakt med ein advokat. Det er uansett viktig at du sjølv tenkjer gjennom korleis du ønskjer å bli varetatt når du ikkje lenger er i stand til å vareta eigne interesser. I mange tilfelle ser statsforvaltaren at det oppstår eit større hjelpebehov enn det som er skildra i framtidsfullmakta. Det er ingenting i vegen for å avgrense fullmakta, men det bør i så fall vere eit medvite val.
Kva bør du særleg passe på når du skriv framtidsfullmakt?
Sal / overdraging av fast eigedom eller del i burettslag
Dersom framtidsfullmakta omfattar sal eller overdraging bør det klart kjem fram kva eigedommar fullmektigen kan eller skal selje. Dersom du ønskjer at fullmektigen skal kunne selje til dømes primærbustad, fritidseigedom eller ei tomt, bør det tydeleg kome fram av fullmakta. Tilsvarande gjeld òg viss framtidsfullmakta omfattar andre disposisjonar knytt til eigedom, til dømes utleige eller at eigedommen skal kunne overdragast, til dømes til fullmektigen.
Fast eigedom kan identifiserast med gards- og bruksnummer, og eventuelt òg seksjons- og festenummer, og dessutan kva kommune eigedommen ligg i. Burettslagsleilegheiter kan identifiserast ved at andelsnummer, namn på burettslaget og burettslagets organisasjonsnummer er skrive i framtidsfullmakta. Det kan òg tenkjast at du kjøper ny eigedom i tida frå framtidsfullmakta blir oppretta og fram til den eventuelt trer i kraft. Viss du trur at det kan skje, kan du til dømes skrive at fullmakta skal gjelde òg eigedom som du seinare kjøper, arvar eller overtar.
Spesielt om gåvedisposisjonar
Det er veldig vanleg at fullmaktsgivarar ønskjer at fullmektigen skal kunne gi vanlege gåver til nærståande, typisk i samband med fødselsdagar og jul. I ein del tilfelle oppstår uklarleikar med omsyn til omfanget av ei gåve og kven som skal vere gåvemottakar. For å unngå slike uklarleikar, bør det kome klart kva fram gåva skal bestå i og kven ho skal givast til. Dette er spesielt viktig ved gåver utover det som blir rekna som vanleg.
Nokre døme på kva du IKKJE kan regulere med ei framtidsfullmakt
Ein fullmektig kan ikkje givast fullmakt til «å røyste ved val, inngå ekteskap, erkjenne farskap, samtykkje til donasjon av organ, opprette eller kalle tilbake testamente eller samtykkje til tvang og kompetanse i andre særleg personlege forhold […] utan særskild heimel i lov», jf. verjemålslova § 80 tredje ledd.
Kva skjer viss fullmektigen blir inhabil?
Fullmektigen kan i utgangspunktet ikkje vareta fullmaktsgivars interesser i spørsmål der han eller ho er inhabil. Fullmektigen er inhabil dersom vedkomande har, eller kan ha, ei eigeninteresse i saka. Dette gjeld òg dersom fullmektigens nærmaste har, eller kan ha, ei eigeninteresse i saka. Fullmektigen skal då kontakte statsforvaltaren slik at vi kan utnemne ei verje til å handtere problemstillingar kvar fullmektigen er inhabil. Det kan til dømes vere aktuelt dersom fullmektigen og hans/hennar nærmaste familie ønskjer å kjøpe fullmaktsgivars eigedom. Eit anna døme vil vere utdeling av forskot på arv eller større gåver til fullmektigen og familien til fullmektigen.
Dette vil likevel ikkje vere aktuelt dersom du sjølv bestemmer at fullmektigen skal kunne representere deg òg når vedkomande har ei interesse i spørsmålet som skal avgjerast. Det må då klart kome fram av framtidsfullmakta kva fullmektigen kan gjere på dine vegner, og kva avgrensingar som eventuelt gjeld. Alternativt kan du i framtidsfullmakta bestemme at ein annan person skal kunne tre inn og treffe avgjerder i slike spørsmål.
Om ikkje noko anna er avtalt eller fastsett i fullmakta, kan fullmektigen dekkje dei nødvendige utgiftene sine av midlane til fullmaktsgivaren. Fullmektigen kan, når det er rimeleg, også berekne seg eit passande vederlag om ikkje noko anna er avtalt eller fastsett i fullmakta. Ein fullmektig kan gi vanlege gåver på fullmaktsgivarens vegner. Andre gåver kan berre givast viss det er angitt særskilt i fullmakta.
Kva viss fullmakta ikkje dekkjer behova dine?
Ein av fordelane med å opprette ei framtidsfullmakt er at du sjølv kan peike ut ein person du har tillit til, og som kan representere deg når du sjølv ikkje lenger er i stand til å vareta dine interesser. Statsforvaltaren ser ofte at framtidsfullmakter blir avgrensa til å omfatte berre sal av bustad, arveforskot og betaling av rekningar. Nokre gonger har fullmaktsgivar fylt ut eit skjema funne på internett, eller tatt utgangspunkt i ei dømefullmakt som skal kunne passe mange. Viss du skulle bli ramma av demens eller annan alvorleg sjukdom og ikkje lenger kan vareta dine eigne interesser, er det fleire avgjerder som må takast, avgjerder som då gjerne fell utanfor dei framtidsfullmaktene som du kan finne som døme på internett. Dersom framtidsfullmakta er svært avgrensa, anten utilsikta eller fordi du medvite har valt å avgrense fullmakta, kan løysinga vere at du må ha eit verjemål (som vil fungere ved sida av framtidsfullmakta) viss det skulle oppstå andre og/eller uventa spørsmål.
Du har stor fridom til å avgjere kva område di eiga framtidsfullmakt skal regulere. Det er vanskeleg å lage ein god mal på dei ulike forholda fullmakta kan omfatte. Døme på kva framtidsfullmakter kan omfatte finn du under overskrifta "Døme på framtidsfullmakt".
Kva gjer du etter at framtidsfullmakta er oppretta?
Skal framtidsfullmakta sendast til statsforvaltaren eller registrerast på annan måte?
Nei, per i dag er det inga registreringsordning for framtidsfullmakter. Framtidsfullmakta skal ikkje sendast til statsforvaltaren før han har tredd i kraft. Når framtidsfullmakta har tredd i kraft, er det opp til fullmektigen om han eller ho ønskjer å søkje om stadfesting hos statsforvaltaren.
Vurder om du bør skaffe deg ei legeerklæring
I nokre tilfelle kan det vere lurt å oppsøkje fastlegen og få ei legeerklæring så snart fullmakta er skriven. Dette er særleg viktig dersom du har ein byrjande kognitiv svikt på det tidspunktet du underskriv framtidsfullmakta. På den måten kan du unngå at det seinare oppstår tvil om at du forstod innhaldet i framtidsfullmakta og betydninga av å opprette ei fullmakta. Legeerklæringa vil stadfeste at du forstår kor viktig fullmakta er på dei områda ho regulerer. Ta gjerne med framtidsfullmakta til legen slik at de kan snakke om innhaldet i fullmakta. Det vil gjere det lettare for legen å vurdere om du forstår betydninga av innhaldet i fullmakta. Ei legeerklæring er uansett ein enkel måte å forsikre seg om at det ikkje seinare blir stilt spørsmål ved gyldigheita til framtidsfullmakta, til dømes viss du skulle bli ramma av alvorleg sjukdom som utviklar seg raskt.
Når du går til legen, får du dekt mesteparten av utgiftene dine til behandlinga. Vanlegvis må du betale ein eigendel som tel med i oppteninga til frikort for eigendelstak 1. Ver merksam på at du sjølv må betale utgifter som ikkje er godkjende eigendelar. Slike utgifter tel heller ikkje med i oppteninga til frikort andelstak 1. Når du ber legen skrive ein helseattest, må du rekne med å dekkje heile kostnaden sjølv.
Kan ei framtidsfullmakt førehandsgodkjennast av statsforvaltaren?
Statsforvaltaren kan ikkje førehandsgodkjenne ei framtidsfullmakt. Som fullmaktsgivar har du sjølv ansvar for at framtidsfullmakta er gyldig oppretta, og at ho dekkjer det framtidige hjelpebehovet ditt og ønske om bistand. Viss fullmakta blir noko skrive tid før den eventuelt trer i kraft, kan det vere fornuftig å lese gjennom framtidsfullmakta med jamne mellomrom. Så lenge du er i stand til å vareta dine eigne interesser, kan du sjølvsagt trekkje tilbake ei fullmakt og eventuelt velje å skrive ein ny.
Oppbevaring av framtidsfullmakt
Det eksisterer per i dag inga oppbevaringsløysing for framtidsfullmakter, slik det gjer for testamente.
Statsforvaltaren tilrår at du oppbevarer den originale framtidsfullmakta forsvarleg, til dømes i ein safe, våpenskap eller liknande. Oppbevaring bør avtalast med eller gjerast i samråd med fullmektigen, slik at han eller ho veit kvar framtidsfullmakta er når ho skal takast i bruk. Viss du har få eller ingen nære pårørande, kan det vere lurt å informere fastlegen om at du har oppretta ei framtidsfullmakt og kven du har peika ut som fullmektig.
Når du som fullmaktsgivar har skrive ei framtidsfullmakt, har du tatt val for tida etter at du ikkje lenger er i stand til å ta stilling til spørsmål på eigne vegner. Informasjonen om kva som skjer etter at framtidsfullmakta trer i kraft rettar seg først og fremst mot fullmektigen, altså den personen som skal vareta dine interesser. Det kan uansett vere lurt at du som skriv framtidsfullmakt, også les gjennom informasjonen.
Når framtidsfullmakta trer i kraft
Det er den som har fått fullmakta som avgjer når fullmakta trer i kraft. Det skal han eller ho gjere når fullmaktsgivaren har fått ei sinnliding (som til dømes demens) eller så alvorleg svekt helse at personen ikkje lenger er i stand til å ta hand om sine eigne interesser.
Dersom du som fullmektig er usikker på om framtidsfullmakta har tredd i kraft, kan du kontakte statsforvaltaren for å få rettleiing. Du kan òg ta kontakt med fastlege, behandlande lege eller tilsynslege og be vedkomande vurdere om fullmaktsgivars helse er så alvorleg svekt at framtidsfullmakta trer i kraft.
Stadfesting
Ofte kan det vere behov for å få stadfesta av statsforvaltaren at framtidsfullmakta har tredd i kraft. Ei stadfesting er ei anerkjenning av at framtidsfullmakta har byrja å verke.
Den som har fått fullmakta kan velje å sende den til statsforvaltaren for å få stadfesta at fullmakta har tredd i kraft. Statsforvaltaren kan ikkje stadfeste ei fullmakt som ikkje har tredd i kraft. Med andre ord skal ikkje statsforvaltaren ha framtidsfullmakta til behandling før ho har byrja å verke.
Søknad om stadfesting må innehalde:
- utfylt søknadsskjema
- framtidsfullmakta i original
- dokumentasjon på at pårørande til fullmaktsgivaren er varsla om innhaldet og iverksetjinga til framtidsfullmakta. Dokumentasjonen skal fortrinnsvis vere signert av dei pårørande og sendast inn saman med søknadsskjemaet.
- legeerklæring der det blir tatt stilling til:
- fullmaktsgivars diagnose(-r) som er relevante for at framtidsfullmakta skal tre i kraft
- fullmaktsgivars evne til å vareta personlege og økonomiske interesser
- om eventuell manglande evne til å vareta eigne interesser har samanheng med fullmaktsgivars diagnose(-r)
Ved ei stadfesting stadfestar statsforvaltarane at dei har fått den dokumentasjonen som lova krev for å stadfeste og at dei har gjort ei overordna vurdering av at framtidsfullmakta verkar gyldig.
Ei framtidsfullmakt vil òg tre i kraft og byrje å verke utan at statsforvaltaren stadfestar han. Føresetnaden er at fullmakta er gyldig oppretta og at fullmaktsgivar ikkje lenger er i stand til å vareta sine interesser på grunn av alvorleg svekt helse. Stadfesting kan likevel gjere det lettare for deg som fullmektig å representere fullmaktsgivaren overfor tredjepersonar.
Viss du skal selje eller overdra eigedom på vegner av fullmaktsgivaren, bør du søkje om stadfesting av at fullmakta har tredd i kraft. Kartverket krev nemleg stadfesting frå statsforvaltaren, og det kan vere lurt å søkje om dette i god tid før sal eller overdraginga. Då unngår du at prosessen stoppar opp i påvente av saksbehandlinga til statsforvaltaren.
Dersom statsforvaltaren stadfestar at framtidsfullmakta har byrja å verke, vil du få ein attest som du kan leggje fram saman med fullmakta. Statsforvaltaren sørgjer for å tinglyse og registrere framtidsfullmakta i aktuelle register.